Innlegg

Viser innlegg fra mai, 2012

Gråmosen

Bilde
av Aslaug Høydal

Gråmosen kler bergi og steinane.
Hans oppgåve dette
å sjå alt i grått.

No er det ingen som ser
den raude jaspisen under,
eller dropar av krystall.

Korund, kvarts og syenitt,
agat, ametyst og malakitt,
gøymde er dei alle.

Berre gråstein, seier dei mange
og trør agelaust i urdene.

Kjelde: Alt som ventar, Ansgar, 1973, s. 55

Bu

Bilde
av Olav Aukrust

Vegen var gådd.
Varden var nådd.
Der kjende eg sæl,
der skyna eg vel:
Mitt liv må eg liva i kjærleik og tru.
No vil eg min vegen til bygder att snu.
Eg vil byggje min fridom ei bu.

Ikkje hus eller hytte,
hall eller horg.
Ikkje attlæst kloster,
slott eller borg.-
Ikkje byliv med gatur og torg.

Men mot himlen ein blånande
rein katedral,
med spir upp mot stjernur
i titusundtal,
og med tropp upp i fager spiral.

Ifrå hjartans grunn,
gjennom draum og mystikk,
strøyme lovsongen rein,
rise lengsels gotikk,
råde kjærleikens eigen logikk.

Eit upplyst tempel:
eit kjærleiks-sinn,
der gjevande geislar
går ut og går inn
med trui som vågar og vinn.

Ikkje rikdoms trå
i fortærande jag,
men nøgd med Guds nåde
som ny gjev kvar dag
eit strålande riddarslag.

Ikkje armodi myrk,
ikkje trældomsliv.
Men eit friviljug fatigdoms
fritt gjevne liv,
ja, eit åndeleg fjellbu-liv.

Kjelde: Dikt i samling, Gyldendal, 1954, s. 189