Veg-leiaren

Finn Sandum les diktet. Foto: Willy Haraldsen
av Jan-Magnus Bruheim

Ein gong eg gjekk meg vill i fjellet,
leit eg på slumpelukka.
Eg hadde mist både låm og lei
då eg høyrde ein bekk som klukka.

Eg visste ikkje kvarhelst eg var.
Stod rådvill på same flekken
medan eg undrast kvar leia bar.
Men så slo eg fylgje med bekken.

Han risla og rann millom lyng og lav
frå langt her inne i skaret.
Gjev eg visste så vel kvar eg skulle av,
som bekken han renn i fâret.

Kjelde: Morgonglede: barnedikt, J. W. Eides forlag, 1986, s. 7

Kommentarer