Innlegg

Viser innlegg fra juli, 2012

Miljø

Bilde
av Lisbet Lid Venås

Buplassar ved Tesse
og fangstgraver
Pilspissar av kvarts på rabbane

Tusentals reinsdyrklauver
hamrande gjennom
hundreåra

Bukken lyfter
hornkrona i silhuett
mot Glittertinden,
jagar gjennom Veodalen
med skjelvande naseborer

Våpenlyd i øyra
Nedfallssmak på tunga
Fjerne rop
over skimrande
lavdekte fjell
etter det tunge regnet

Kobolt-tabletten
glir ned gjennom halsen;
framtida skal bergast!

Men breane rodnar
av kveldssol i vest
og tusenåra
vev seg
inn mellom
horntaggane

Kjelde: Privat