Til ei langferd

Even Lusæter les.
Foto: vinjeproduksjoner.no
av A. O. Vinje

Frå byen det berer.
Eg lyfter på hatt.
Gud veit no den dagen
når dit eg kjem att.

Farvel hovudstaden,
i deg var det best:
der fann eg dei beste,
der lærde eg mest.

Lat sjå du som alltid
på folk helder styr!
for du er den karen
som temja kan dyr.

Men ufrisk i varmen
eg alltid deg fann.
Du liksom er tanken,
du elder din mann.

Og derfor til fjells
vil eg draga som døl,
og kjenningar finna
og gløyma meg sjølv.

Kjelde: A. O. Vinjes beste, Samlaget, 1991, s. 57

Kommentarer

Legg inn en kommentar