Innlegg

Viser innlegg fra august, 2014

Bera gullsky

Bilde
av Jan-Magnus Bruheim

Kvelden var så ljosleitt
og berga så blå.
Eg gjekk der fylt av glede
for noko eg fekk sjå:

Ei gullsky låg og sumde
høgt over Karitind.
Eg tok ho ned med augo
og bar ho med meg inn.

Eg stilte meg så varsamt
og sa ikkje eit ord.
Med gullskya i augo
stod eg framfor ho mor.

"Du strålar!" sa ho undren
og smilte varmt til meg.
"Ser du? Det er ei gullsky,
eg tok ho med til deg!"

Kjelde: Om alle tre var like, Noregs boklag, 1975, s 15

Vise i fjell

Bilde
av Signe Seim

Fara i fjell
under solsløkt tind,
finna ein heller for natta.

Krypa i livd
for væte og vind,
finna ein heller for natta.

Lyda til vatn
som som droplar i smog,
finna ein hellar for natta.

Høyra kor vind
kan stogga sitt flog,
finna ein heller for natta.

Vita at alt
skal roa seg smått,
finna ein heller for natta,

kjenna det slik,
mot kveld er det godt
finna ein heller for natta.

Kjelde: Det måtte vera her, Boksmia forlag, 2012, s. 10