Innlegg

Viser innlegg fra januar, 2015

Norsk kjærleikssong

Bilde
av Tor Jonsson

Eg er grana, mørk og stur.
Du er bjørka. Du er brur
under fager himmel.
Båe er vi norsk natur.

Eg er molda, djup og svart.
Du er såkorn, blankt og bjart.
Du ber alle voner.
Båe er vi det vi vart.

Eg er berg og naken li.
Du er tjørn med himmel i.
Båe er vi landet.
Evig, evig er du mi.

Kjelde: Dikt i samling, Noregs boklag, 1967, s. 94