Innlegg

Viser innlegg fra oktober, 2017

Nattsong

Bilde
av Jan-Magnus Bruheim

Dagen har gått til kvile
og står ikkje upp att meir.
Fuglane flyg mot skogen
og roar seg i sitt reir.

Barn knepper sine hender
og søv i den gode fred.
Ventar til morgonen vender
attende - og tek dei med.

Jamvel vinden har stilna -
Sumarnatti er sval.
Fjellgarden  drøymer i blådis
og doggen fell over dal.

Hovud ved hovud, som småborn
søv blomane i si seng.
Fivreld legg vengjene saman,
kløveren søv utpå eng.

Allting kvarast mot natti.
Småkryp og dyr uti skog
leitar seg natte-lege.
Men ikkje ein fredlaus hug -

Tankane flagrar or reiret
søvnlause, utan kvil.
Fører deg med seg dei mange
endelaust lange mil.

Tankane flakkar vide,
vengjestilt - utan ljod.
Det er som du gjæter ein bøling
som aldri legg seg i ro.

Kjelde: Vide er vegane, Aschehoug, 1960, s. 48

Fjellstort og fjellsmått

Bilde
av Ragnar Solberg

Fjellstort og fjellsmått -
ja, her må eg dikte.
Her vakna eg uppat
åt ansvar og plikte -

Fjellstort og fjellsmått -
det skin ti det blåe.
Tindan stig mektoge
men blomstre er småe.

Kjennest du ved meg
ein åliten pyrill
som smile halvt polisk
åt skodd-skyom rådvild?

Ruskevær kvølvest -
vind kvikna og bær se'
til solsmilet brå-skjølv
for tongsinn i verset -

Det slæst i meg sjøl
kæ som rangen har fått
når det myrke blir stort
og det ljose blir smått.

Men slik vill det bli
for ein og for alle:
Ei solhøgd i sinnet
legg skugge mot fallet.

Fjellstort og fjellsmått -
med kvit-tind og svartstup
og blomster som elska
frå innst i mitt hjærtdjup -


Kjelde: Livsskurd, Aschehoug, 1950, s. 141