Morgonglede
Magnhild Bruheim les. Foto: Morten Kielland av Jan-Magnus Bruheim Det er slik ein vakker morgon då heile verda syng! Eg vassar i fjellkjørr og eine og over mose og lyng. Brått flaksar ei rype or lynget. Som om ho har skadd ein veng, brukar ho berre den eine, medan den andre heng. Eg er ikkje lett å lure, eg veit at ho gjer seg til fordi eg er nære reiret - Og eg blir ståande still. Ilt er å sjå og høyre korleis ho klagar seg. Eg freistar å herme låten, og ungane flokkast kring meg! Du trur meg vel ikkje kan hende? Eg veit ikkje kva du gjer. Men fem kyllingar renn gjenom lynget og kjem meg så nær, så nær! Det er mest så eg græt av glede for dette som eg får sjå. Rypemor treng ikkje reddast for reiret med alle dei små. Kjelde: Morgonglede: barnedikt, J. W. Eides forlag, 1986, s. 5