Innlegg

Viser innlegg med etiketten Ørjasæter‚ Tore

Sørmed hølom

Bilde
Kari Ørjasæter les. Foto: Morten Kielland av Tore Ørjasæter Aa det skin mot Sot-fly flaae klaart mot himil-kvelving blaae burt i bratte Brennstøls-fjell. Gjenom linne lufti Lidar- vatne skimtar eg, det vidar seg so vænt i stille kveld. Her ja; sørmed desse hølom midt imillom baae stølom Røykjeskôlen still i skygd ligg med løyndomsfulle lider, her eingong i gamle tider var ei sæterhytte bygd. Daa dei kom til støls um vaaren, inni selet, attmed aaren, laag eit mannslik hovudlaust. Folki fælne heimatt vende, sæterhuse ned dei brende, bygde sæter lenger aust. Sidan er det som det skulde vore noko av det dulde, løynde her ved denne stad. Desse djupe bjørkelundar ned mot vatne!  Stillt det blundar utan blek av minste blad. Noko er det som ligg under, som eit mord ved midnatt-stunder tyngjande med sonings-skuld. Minne vaker og det gøymer udaads-otten.  Stødt han drøymer, under lidi løynd og duld. Kjelde: I dalom , Olaf Norlis Forlag, 1910, s....

Nordpaa sætrom

Bilde
Kari Ørjasæter les. Foto: Morten Kielland av Tore Ørjasæter So fer eg so glad og fri til støls nordpaa Mysubytta; det var nok mi beste tid eg livde i sæterhytta. Sjaa elvi gaar mysu-graa og stup-bratt i fossar fell; men himlen so blank og blaa seg kvelver um klaare fjell. Og øvst uppi Svart-bytt-dal der er det vel gras aat geitom; og lufti er linn og sval langt nordi sol-ljose leitom. Tverr-eggi ho staar so traust med dag-glans paa drivkvit tind. Sjaa soli ho renn i aust med vaknande morgovind. Det veks slike fine straa i lidi ved Røykjeskaalen. Og forkunnmat er aa faa for ku og for sau og folen. Og uppunder Sekkje-fjell der er det so høg ein stad, og blenkjande bekkjer svell og siklar på berge-svad. Og einsleg paa viddi vill der lyser den tunglynde tjørni. Mot himilen djup og still der stig den hugstore ørni. So vide som syn kann naa um fjell er det væne votn med himilen rein og blaa blenkjande skirt i botn. Kjelde:  I dalom , Olaf Norlis...

Høgfjells-drag

Bilde
Kari Ørjasæter les . Foto: Morten Kielland av Tore Ørjasæter Sjaa dagen stig i aust og soli sprett, du kjenner i deg ljosens aand og ætt. Du ser mot himlens høgd, og avgrunns-glup, og ævetanken tek deg still og djup. Det sterke drag, den stille høgfjells-sus igjenom Herrens store kyrkjehus, som stig og strøymer under blaae kvelv er orgelbrus frå bratte bræe-elv. Ljoskruna under denne kyrkjekvelv er soli som paa snøen skin og skjelv. Alt er so stort, du einsleg er med Gud, og langsyn hev du vidt mot nord og sud. Eit heilagt kyrkjetaarn er høgan tind, som solgyllt staar i milde morgonvind og høgast lyfter seg mot ljose sky med døyvde glans av dagsens fyrste gry. Det stig og strøymer under store kvelv som song og sus igjenom rome skjelv; ein heilag ande over audni sviv og gjev den svarte stein ein glans av liv. Og fritt sviv syne over flæ og fly: det fyrste tim du fær av dagen ny. Og seint du ser det siste solarglad med skuggesveipte taarn og tinderad...