Heime
Even Lusæter les diktet . Foto: Sigrun Eide av Olav Aukrust Det er godt å vera komen til dals att for den som hev fare dei ville fjell. Det er rart å ride til gards att for den som hev lengta so mang ein kveld. Det regnde og blés uppi vigga. Eg fraus som eit burtblåse blad. Men no er vêret blidga; no er min hugen glad. Det er rart at slikt kunde hende den som laut røyne so nifs ei leid. Det er rart at det barst attende og heim-att i sol over helut heid. Kvorvne er skuggane skakke, og otten hin store med deim. Eg kann ikkje deg fulltakke som viste meg leidi heim. Kjelde: Dikt i samling, Gyldendal, 1967, s. 196