Fjell-Noreg
Sigmund Bråtet les . Foto: Merete Byrøygard |
Du salme i skogen, der vindsus syng
kvar linnvers natt,
du helsing fraa villmark og vegras og lyng –
Fraa brisken den beiske og fine og stride,
fraa fjellheim og viggur og vindheimar vide
kjem du, mitt hjarta til sorg og til trøyst,
du Fjell-Noregs inste, upphavlege røyst.
Du gufs av det norske, du aand ifraa fjell –
Um ingen deg høyrer, eg høyrer deg lel,
og veit kva du lid.
Dei runer som gudgjevne her berre ljomar,
dei lengslur som her einast skin og ber blomar
ved aurgamal ile som her berre vell –
Du høyrest av dine ved dag og ved natt,
du utesus.
Um folket ditt svik deg, kom sterkare att –
Aa døyp oss i vaardagars dom over døden,
til kveik att paa nytt av den norrøne mjøden, –
lyft elden vaar eigen, i aand og i form!
Du fengje vaart inste og føre oss dit
som lengslune gjeng!
Det tindrar av bjørk, og det lyser av kvit
skogstjerne-eng – –
det møter med barndom og bestemorsullar,
med fimleik og avle og urtids vin, –
Di klage forklagar oss, klumsa eg stend, –
din djupaste løyndom er liv lage enn:
du skapte vaart maal.
Og du einast difor er etter vaart ynde:
vaar lengting og lagnad, vaart lende og lynde,
det talar du ut um, og sjølve vaart kall
kann den lyde ut som er heilt i ditt vald.
Dei menn som um Fjell-Noreg endaa held vakt,
dei kjenner deg vel.
Alt folket skal eingong med glans av di makt,
med midtsamla sjel,
sin heimvegen velja og livsvoni vinne,
og tavlun' i graset daa att skal me finne –
og Fjell-Noreg fagna sin i fulltrugne tolk.
Kjelde: Publisert fyrste gong i Den nye landmålslyrikken. I utval ved Olav Dalgard, H. Aschehoug & Co., 1926, s. 27
Vegras: villgras
Vigge: strøk mellom skog og snaufjell
Ile: olle, kilde
Fimleik: raskhet
Avle: styrke, krefter
Kommentarer
Legg inn en kommentar