Blod i snø
Foto: Liv Å. Mathisen av Tor Jonsson John Nyustumo les No dryp det blod i snø. Det bed frå svarte augnedjupet, – og angestbåra bevrar gjennom hold: Eit stakkarsting, ei livredd rjupe, som, snarefanga, snart er død. Det kveldar over fjell. Og månen kliv imellom tindom, i kalde hjartelause himmelhav. Ein vindgust sældar snø på rindom og kverv i kvit og månljos kveld. Ei stjernebru er strødd, med æveblenk i jordlivsdagar, – ho speglar seg i svarte augnerømd. Og nordljosteppet skjelv og blagar. Men auga stivnar, gjennomglødd. Her hjelp 'kje bøn, her hjelp 'kje gråt. For livet sjølv dreg snara åt og kvæver i den kvite snø ei von, eit einsleg minne om sumar over fjell og finne. Kjelde: Mogning i mørkret , Noregs Boklag, 1943, s. 41