Uppover berget
Even Luseter les. Foto: Morten Kielland av Jan-Magnus Bruheim Mot blå djup av endeløyse lyfter seg berget. Bratt berg mot ditt stålblå auga. Her skal du gå gjenom livet kvar dag, kvar natt. Solflaumen øljar kring panna. Nattstjerna svalar og skin. Frå usedd kjelde går viljen som flødande sevjestraumar igjenom dine lemer. Føtene leitar blindt etter feste uppover berget på smale pall. Du veit i ei dirring at djupet ligg der nedunder. Syg med ein avgrunns dragnad, ventar ditt fall - Du kjem dit du ser. - Dag etter dag til den siste timen vil du beda um kraft til å vende auga mot dit du skal. Kjelde: Innover viddene , Noregs Boklag, 1968, s. 54