Trollskyss

Synne Stensgård les. Foto: Morten Kielland
av Jan-Magnus Bruheim

Oppå ein koll
stod det ei trehundreår-
gamal toll.

Dit kleiv eg ein dag
og sat der og huska.
Eg visste ikkje av at eg veikte eit troll!
Men tolla var håret
på hausen hans.
Og no spratt det opp
i ein lysteleg dans.

Det ropa og rende
og sprang som på glør:
"Eg sovna i sytten-
hundre-og-før,
men aldri har eg
hatt lus på meg før!"

Dermed det flaug
i ein rennande ring
så storstein og småstein
og grastorv og mose
spratt rundt ikring!

Men lusa var eg.
Og eg klengde meg fast
ned gjennom lia
der barskogen båra
og turrkvist knast.

Meir vanvetug skyss
har eg aldri hatt!
Der bykste det over
eit brådjupt gjel.
Då miste eg taket
og datt og datt - -
Ei fossande fjell-elv
frøydde nedunder
og vaska berget
med døn og dunder.

Og hadde det ikkje
vore så vel
at eg skvatt
til eg datt
beint ned i senga
og - vakna att,
så ville eg drukna
i ville fossen
og attpå slege meg
beint i hel!

Kjelde: Røyskatten og andre barnerim, Noregs Boklag, 1961, s 10

Kommentarer