I tofeste
Foto: Liv Åshild Mathisen av Lisbet Lid Venås Lisbet Lid Venås les Svartnande flogfjell. Sleipsikler nedetter skorv. Hangande hamrar. Dirrande lausmosetorv. Gapande urder der ulykka lurer. Flåbratte bergrygg lokka med frodiggrøn to. Kvitsau vart fanga, vinn aldri oppatt no. - Kaldfoss med dunder larmar innunder. Fossen et skriket som ifrå snaue skòr skjelv gjennom skodda. - Livredsla rår. Blodramnar hakkar i hjelpelaus stakkar. - Villfjellet hyser fare. Det gufsar or kvasse klype, sjogar i tronge gjel. Sjølvberga kjem aldri liv framom her. Og ikkje nokon ser at dyret vonlaust lid og svelt i hel på moldturr rand. - Den ingen veit om, ingen hjelpe kan. Kjelde: Villgras , Fonna Forlag, 1959, s. 16