Innlegg

Viser innlegg med etiketten Vang‚ Rolf

Reistvegen

Bilde
Sigmund Bråtet les diktet. Foto: http://www.bredebygden.com/Steder/Bjorndalsvegen.html av Rolf Vang Hestkjøraren var supermannen i vår barndoms grend. Med tung, før gamp, og tømmerlekkjene skranglande over styttingsåsen drog han innetter liene før dagsljoset gråna. Langseig med staup og stup snudde reistvegen seg over mo og myr. Frå avstengde skoghol seig lensa langs tømmerrenna mot velta. Stakkars den som slumsa med reistene når storlensa skaut på så glodrevet stod. Farleg og blank, som eit sleipt fabeldyr låg tømmervegen - stygghål og farleg når kjølda blåna ein kveld i mars. Ein glidande orm av grovt tømmer. Ei knusande tyngd i døn og dunder mot stein og stubb. Mannen som reid på dragstokkane med taumane som to dirrande nerver mellom hendene. Hesten som sklei på hasane i vitlaust vrin framfor dette ville, ustyrlege. Ei underleg, levande tyngd - trugande og farleg. Berre få av mange vart god hest og god mann i farlege reistvegar...

I vide fjell

Bilde
Rolf Vang les sitt eige dikt. Foto: Liv Annett Nygjerdet av Rolf Vang Ei viermyr - eit jordvass-sèg. Eit landskap stort og audt og vilt, ein einsemd-sus av fjell. Eit vatn grélar grønt og grått der vind og sol legg siste strik av skymingsblått mot kveld. Ein fjelltit fløytar stilt. I regnvåt jord - eit menneske har gått og sett sitt spor. Langt vest i vika skrik ein lom. Eg trør varsamt gjennom endelause rom. Eit landskap ligg her, stort og vidt. Ein vandrar går her - kjenner det som sitt, og ber ei kjensle av at stein og kjerr og vidde - takkar meg fordi eg kom. Kjelde: Såmannsdrøm, Dølaringen, 1997, s. 16

Stølsmorgon

Bilde
Sigmund Bråtet les Stølsmorgon. Foto: Fylkesmannen i Oppland av Rolf Vang Det blenkjer som doggdråpar i minnet, stølsmorgnane - når ein vakna i kjøleg drag frå budøra - låg venta første solglimet innover sels-golvet. Skinnfellen som kitla i andletet - fôrdyna der fjellgraset mjukna under ein og anga av sommar Bjølleklunk og geitebrek frå fjøskvea. Skarpe kling når bestemor vaska mjølkekoppane under vasstroa. Kor djupt og inderleg godt dei sit i ein desse morgnane på stølen. Fintoppstigen over vollen ned mot vatnet der ein liten brun båt venta. Sjølve eventyret når du vart betrudd årene og drog båten over hølsvart vatn der noko av natta hekk att. Så trygt med bestefar i bakstamnen med morgonpipa i neven. Garnstøet ved Siljeosen der gylne glimt i djupet lova fangst Det er borte nå - alt. Buglasa glimar mot lyset. Men ingen røyk stig frå pipa og syner at stølsgrenda lever. Vi vart siste generasjonen, vi som fekk oppleva ein stølsmorgon...