I vide fjell
Rolf Vang les sitt eige dikt. Foto: Liv Annett Nygjerdet |
Ei viermyr -
eit jordvass-sèg.
Eit landskap
stort og audt og vilt,
ein einsemd-sus av fjell.
Eit vatn grélar
grønt og grått
der vind og sol
legg siste strik
av skymingsblått
mot kveld.
Ein fjelltit fløytar stilt.
I regnvåt jord -
eit menneske
har gått og sett sitt spor.
Langt vest i vika
skrik ein lom.
Eg trør varsamt
gjennom endelause rom.
Eit landskap ligg her,
stort og vidt.
Ein vandrar går her -
kjenner det som sitt,
og ber ei kjensle
av at stein og kjerr
og vidde - takkar meg
fordi eg kom.
Kjelde: Såmannsdrøm, Dølaringen, 1997, s. 16
Kommentarer
Legg inn en kommentar