Lokale forfattarar

Forfattarar knytt til Dovre
Foto: Forfatternett Oppland
Georg Sauerwein (1831 - 1904) var fødd i Hannover i Tyskland og døydde i Kristiania. Han var språkmann, forfattar og språkgeni og beherska omlag 75 språk. Frå 1874-1904 budde Sauerwein til saman 11 år i Norge, mest på Dovre- "my winter sanatorium and laboratory of mental effusions" - sidan i Kristiania. Han var begeistra for den nynorske språk- og nasjonalitetsrøyrsla, som hadde fellestrekk med baltisk og slavisk kulturreisning. Om dette utga han skrifter både på dansk og norsk. Best kjend er diktsamlinga Frie Viso ifraa Viggu'n (1885) på dovredialekt. Dette var den første heile boka utgjeve på dølamål. Sauerwein ville gjenopplive folkesangen i Gudbrandsdalen som grunnlag for ny diktning. 

Foto: Opplandsarkivet
Ragnar Solberg (1898 - 1967) vart fødd på Fokstua på Dovre, der han levde så godt som heile livet. Han utga fleire diktsamlingar både på riksmål og på Dovremål. I tillegg var han ein aktiv skribent.  I eit kraftig og fargerikt språk gjev han oss bilete frå høgfjellet, skildrar bygdefolk, vegbyggjarar og turistar, gjerne med humoristiske innslag, men gjev også innsyn i opplevingar frå barndomen og sjelelege konfliktar frå vaksenlivet.





Foto: Majorstudio
Vegard Vigerust (1925 -) debuterte i 1954 med bygderomanen Stålstuten. Han debuterte som lyrikar i 1972 med diktsamlinga Istid. I 2002 utga han på eige forlag Vel møtt, livsmot! Han har skrive artiklar, bl.a. i Den norske turistforenings årbøker og i Dovrebygde, lokalhistorisk skrift for Dovre. I 1994 kom Evig unge Dovre ut, med dikt på dialekt og små lokalhistoriske prosastykkje, i  1997 Minneblad og dølakvad i same sjanger. Vigerust har elles laga tekster til CD-ane Syng, Dovre og Trollspeil av gruppa Østenfor Sol.



                                Forfattarar knytt til Lesja 

Rannveig Bøe Bakken (1952 -) bur på Lesja, er gift og har ein vaksen son. Ho har gått på yrkesskule i Bergen og jobba der, på Gjøvik og på Lillehammer. Ho har gjeve ut diktsamlinga Steg over mylendt landskap.






Foto: Snøhetta forlag
Audun Høgbrenna (1931 -) har arbeidd som gardbrukar og vaktmeister. Han er no pensjonist. Han har skrive mange dikt og prologar, og gjeve ut serien Ordhittug døl - med glimt i auga og svar på tunga.
Bibliografi: 
- Bak hågåhekken. Dikt over mange emne (1987) 
-Innafor glaset. Vers og rim frå bygd og grend (1993)
-Tømmerfløyting i Gudbrandsdalen (1999), 
-Perler i minnet (2002) (dikt) 
-Tidsbilete med alvor og skjemt (2009) (dikt)



Forfattarar knytt til Lom
Olav Aukrust (1883-1929) rakk å gje ut to diktsamlingar, Himmelvarden og Hamar i hellom, før han døydde berre 46 år gammal. Diktsamlingane Solrenning og Norske terningar og artikkel- og brevsamlinga Skaldespor kom ut etter at han gjekk bort. Han er av mange sett på som ein av dei store lyrikarane i Norge, og fleire av dikta hans har fortsatt stor gjennomslagskraft blant lesarane. Aukrust var omstridt mens han levde og såg på seg sjølv meir som ein skald enn ein diktar. Han har eit rikt ordforråd og brukar ofte lomsdialekta i diktinga si. 





Foto: Samlaget
-). Bitre opplevingar i barneåra forklarar Tor Jonsson sin sterke oposisjon til kulturelle og sosiale tilhøve i bondesamfunnet. Han tok i bruk penn og papir i kampen for å skape eit betre samfunn. Den andre grunnen til å skrive, var den fortærande einsemda som gjorde han tidleg suicidal og på mange måtar udugeleg i dagleglivet. Han ga ut diktsamlingane Mogning i mørkret, Berg ved blått vatn og Jarnnetter, artikkelsamlinga Nesler og einaktaren Siste stikk. Ved sin død stod Jonsson som ein av våre mest lovande diktarar. Posthumt utkom Nesler II og diktsamlinga Ei dagbok for mitt hjarte. Dikt i samling kom 1956.





Ragnhild Kolden er fødd i 1956, er frå Bøverdalen i Lom og bur for tida i Oslo. Ho er universitetsutdanna i faga filosofi, sosialantropologi, psykologi og kristendomskunnskap. Ved sida av å skrive, jobbar ho som bokhandlar. Ho debuterte med diktsamlinga "Ho inni meg" som kom ut på Dølaringen forlag i 2001. Ho har sidan gjeve ut romanane "I krig og kjærleik" (2010) og "Evig skal døden vera" (2010), ein kriminalroman frå Lom som ho skreiv saman med forfattarkollega Vigdis Kroken.



Lars Runningen (1918-1988). Han var bonde på farsgarden i Bøverdalen. Diktinga og dei "åndelege sysslar" opptok han alt frå dei tidlegaste ungdomsåra. Han var Nansenskule-elev frå 1939 - 1940 og den humanistiske ideologien prega Lars sterkt seinare i livet. I diktinga si var det ofte urett og hykleri han hamra laus på. I samlinga Dikt i utvalg som kom ut posthumt i 1995, er dikta hans delt inn i dikt av filosofisk, samfunnsengasjert og religiøs art, dikt om kjærleik, naturskildrande dikt, hyllings- og minnedikt og dikt om bygde- og folkeliv. Lars gjekk bort i 1988.




Anne Sletten (1934 - ). Anne er fødd Horten og kjem frå Bøverdalen i Lom. Ho er utdanna lærar, men har jobba dei flesta av sine yrkesaktive år på garden i Folldalen med sau og turistar. Ho har mann og fem barn. I tillegg til å skrive, likar ho også godt å male. Ho ga ut diktsamlinga Liv i 2001.

Foto: G og LT

Jo Turtumøygard (1898 - 1984) var fødd og voks opp i Lia i Lom. Han tok lærarutdanning og var lærar på Dombås, i Skjåk og lengste tida i Lom. Frå 1934 til 1961 var han lærar ved Nordre Lia skule, i 1961–65 var han skulestyrar ved Loar skule. Jo skreiv mange dikt og prologar og ga i 1970 ut diktsamlinga Jøkulen græt på Fonna forlag. Han var elles ein god venn av Tor Jonsson.

Foto: Privat
Lisbet Lid Venås er fødd i 1937 og kjem frå Vaksdal i Hordaland. Ho har, saman med mannen, Kristian Venås, slege seg ned i Lom, der ho har arbeidd som lærar ved Garmo skule. Lisbet er ofte nytta som opplesar av eigne og andre sine dikt. Ho har gjeve ut diktsamlingane "Villgras" (1959) og "Bålet" (1976) og er representert i antologiane "Hilsen fra Oppland" (1991) og "Innslag i veven" (1992). Ho har også vore fast medarbeidar i "Jul i Romsdal" sidan 1981.




                             Forfattarar knytt til Sel
Rolf Vang (1931 - ) har jobba 37 år som lærar ved Nedre Heidal skule. Opp gjennom åra har han skrive mange dikt. Og pennen er fortsatt ikke lagt på hylla. Dei første dikta hans kom på trykk i  "Skogeigaren" og "Samvirket" på 1960-tallet. I perioda 1978-2008 har han hatt 29 dikt på trykk i  ulike utgåver av "Årbok for Gudbrandsdalen". Og i 1997 ga dikteren ut diktsamlinga "Såmanns drøm". Tema i diktinga hans er enkle og nære ting.
Bibliografi: Såmanns drøm, 1997.

Olga Haugen (1929- ) hadde oppveksten sin i Heidal. Eit av dei fyrste dikta skreiv ho allereie som 11-åring. Diktet heiter "Krig i emning" og vart til 9. april 1940. Ho har sidan skrive fleire dikt, og i 1999 gav ho ut diktsamlinga Dikt".

Ole Arnfinn Torgersrud (1917 - 1974):
Ole Arnfinn Torgersrud vart fødd og voks opp i Østre Gausdal. Noko formell lærarutdanning hadde han ikkje, men virka som lærar både i framhaldsskulen og i folkeskulen. Enda om han treivst godt med dette yrket, valde Torgersrud i staden å gå vidare innanfor journalistikken. Han vart tilsett som journalist ved Otta-kontoret til lokalavisa Dagningen, seinare som reiseskrivar i Gudbrandsdal Ungdomslag, og tok dessutan over som redaktør av Årbok for Gudbrandsdalen etter M. Høgåsen.
Best kjend er vel O. A. Torgersrud for sine eigne tekstar, i form av både viser, vers og dikt. Eksempelvis kan nemnast ei diktsamling han ga ut i 1956, "Det gol ein gauk", som kom i nytt opplag nyleg.
Ekteparet Torgersrud fløtte med tida til Lillehammer, og seinare attende til farsgarden hans i Østre Gausdal.

Forfattarar knytt til Skjåk

Foto: Skjåk historielag
Olav Øygard (1885 - 1960) var einebarn og overtok etter kvart heimgarden Grimstadøygard. Han var ein ivrig skribent som alltid nytta sitt sjølvlærde landsmål. Han var ein farleg polemikar, sylkvass i logikken og treffsikker i replikken. Han kom tidleg med i styre og stell i bygda. I 1922 vart han ordførar for fyrste gong og sat til 1925, andre gongen frå 1929-1931. Ved fleire høve hadde han vist at han kunne skrive framifrå dikt, lette og leikande i rim og rytme. Ein del av dikta fann vegen til tidsskrift og aviser, og diktet ”Onn” fanst att i songbøkene. I 2010 var det 50 år sidan Olav Øygard døydde, og Skjåk kommune markerte dette ved å gje ut diktsamlinga ”Vårsong” som inneheld eit breitt utval av dikta.



Foto: Skjåk historielag
 Tore  Ørjasæter (1886-1968) debuterte som forfattar i 1908 og gav ut i alt 12 diktsamlingar, fire drama, ein roman og to reiseskildringar. Det var med trilogien "Gudbrand Langleite" at Ørjasæter verkeleg fekk påskjønning som forfattar, denne er rekna som eit av hovudverka i norsk dikting på 1900-talet. Han skreiv også drama og var med på å fornye norsk teater. Det meste av diktinga til Tore Ørjasæter har bakgrunn i det gamle ættesamfunnet, som på slutten av 1800-tallet var i oppløysing. Eit av skodespela Tore Ørjasæter skreiv, "Jo Gjende", omhandlar ein bygdeoriginal - eit menneske mange hevdar Ørjasæter kjende seg i slekt med på mange måter - og ei historie som omhandlar Ørjasæter sitt eige forhold til bygda og ætta.


               
Foto: Torunn Bruheim
Haugen
Jan-Magnus Bruheim (1914 - 1988) vart ein av dei fremste lyrikarane her i landet; han skreiv òg for barn, både dikt og forteljingar, og han vart ein kjend og kjær opplesar av eigne ting i radio og for skuleklasser kring i landet. Han gav ut 18 diktsamlingar. Den siste kom 1987. Titlane på samlingane fortel mykje om innhaldet, som til dømes Yta og djupe (1945), På skålvekti (1947) og Ord gjenom larm (1954). Sentralt hos Bruheim står striden mellom det vonde og det gode, mellom mørkret og ljoset. Han er ofte tunglynd, men kan òg vera glitrande glad. Heimbygda er ein stø grunnmur under diktinga hans, men innhaldet er stadlaust og tidlaust. Han sameinar bygda og verda. Han vart heidra med Doblougprisen, Sunnmørsprisen og Kulturprisen for Gudbrandsdalen. Ei tid var han medlem av Det litterære Råd i Den norske Forfatterforening.




Foto: Skjåk historielag
AslaugHøydal (1916 - 2007) vart fødd på Anåskosi i Langlim i Telemark, det var her ho hadde oppveksten sin. Ho kom til Skjåk i 1971 og vart tilsett som adjunkt ved Nordberg skule, her heldt ho på til nådd pensjonsalder. Kunnskapsrik og sikker på rett og gale ville ho vera formidlar, ause av eiga kjelde, få fram bodskapen sin. Ho var alltid tydeleg og engasjert i sine standpunkt - til tider så oppsiktsvekkande at det storma. I virket som lærar evna ho å sjå det unike i elevane/barna, ho ynskte å få fram det beste i den einskilde. Ho ga ut 50 romanar, barnebøker og diktsamlingar på 50 år. Den fyrste boka Born og bøling, kom ut i 1950, ei barnebok med mange sjøvbiografiske trekk. Diktsamlinga Alt som ventar (1973) inneheld fleire fine dikt om fjell.



Forfattarar knytt til Vågå
Foto: Dølaringen boklag
Ragnvald Skrede (1904 - 1983) debuterte i 1949 med diktsamlinga "Det du ikkje veit". Han gav ut i alt 12 diktsamlingar.I 1952 mottok han Kritikerprisen for diktsamlinga I open båt på havet. Han vart ofte omtala som ein djupt moralsk diktar. Dikta hans handla ofte om mennesket sitt moralske ansvar og om plikta til å gjere gode ting uten baktankar om løn. Han hevda sjølv at han skreiv for å bli eit betre menneske og vona at dikta hans kunne påverke lesarane i same retning. Skrede vart også lagt merke til som litteraturkritikar og vart kjend for å vere open for meir moderne former for litteratur. Fleire av dikta hans er tonesette av Geirr Tveitt.

Kommentarer