Innlegg

Viser innlegg fra januar, 2020

Reistvegen

Bilde
Sigmund Bråtet les diktet. Foto: http://www.bredebygden.com/Steder/Bjorndalsvegen.html av Rolf Vang Hestkjøraren var supermannen i vår barndoms grend. Med tung, før gamp, og tømmerlekkjene skranglande over styttingsåsen drog han innetter liene før dagsljoset gråna. Langseig med staup og stup snudde reistvegen seg over mo og myr. Frå avstengde skoghol seig lensa langs tømmerrenna mot velta. Stakkars den som slumsa med reistene når storlensa skaut på så glodrevet stod. Farleg og blank, som eit sleipt fabeldyr låg tømmervegen - stygghål og farleg når kjølda blåna ein kveld i mars. Ein glidande orm av grovt tømmer. Ei knusande tyngd i døn og dunder mot stein og stubb. Mannen som reid på dragstokkane med taumane som to dirrande nerver mellom hendene. Hesten som sklei på hasane i vitlaust vrin framfor dette ville, ustyrlege. Ei underleg, levande tyngd - trugande og farleg. Berre få av mange vart god hest og god mann i farlege reistvegar