Innlegg

Viser innlegg fra juni, 2018

Miljø

Bilde
Lisbet Venås les sitt eige dikt. Foto: Arve Danielsen, Fjuken av Lisbet Lid Venås Buplassar ved Tesse og fangstgraver Pilspissar av kvarts på rabbane Tusentals reinsdyrklauver hamrande gjennom hundreåra Bukken lyfter hornkrona i silhuett mot Glittertinden, jagar gjennom Veodalen med skjelvande naseborer Våpenlyd i øyra Nedfallssmak på tunga Fjerne rop over skimrande lavdekte fjell etter det tunge regnet Kobolt-tabletten glir ned gjennom halsen; framtida skal bergast! Men breane rodnar av kveldssol i vest og tusenåra vev seg inn mellom horntaggane Kjelde: Privat

Blodraudt rav

Bilde
Even Lusæter les diktet . Foto: Merete Byrøygard av Audun Høgbrenna Vårt solauga kveldar i blodraudt rav. Og morelden spelar i kvelds-audt hav. Vindstille tussmyrke kveldar i nord kvelver seg tunge mot storhav og fjord. Stormkast og kuling ein seinsommarkveld, kurande stillheit i sjøfugelfjell. Barskog og lauvskog frå fjellbryn til strand, fjordar som tøyer seg innover land. Høgfjell og vidde og nordlys og snø, flatbygd og fjellbygd med oppdyrka bø. Dette er Noreg med høgfjell og hav. Og kveldssol som badar i blodraudt rav. Kjelde: Innafor glaset, eige forlag, 1993, s. 80

Stølsmorgon

Bilde
Sigmund Bråtet les Stølsmorgon. Foto: Fylkesmannen i Oppland av Rolf Vang Det blenkjer som doggdråpar i minnet, stølsmorgnane - når ein vakna i kjøleg drag frå budøra - låg venta første solglimet innover sels-golvet. Skinnfellen som kitla i andletet - fôrdyna der fjellgraset mjukna under ein og anga av sommar Bjølleklunk og geitebrek frå fjøskvea. Skarpe kling når bestemor vaska mjølkekoppane under vasstroa. Kor djupt og inderleg godt dei sit i ein desse morgnane på stølen. Fintoppstigen over vollen ned mot vatnet der ein liten brun båt venta. Sjølve eventyret når du vart betrudd årene og drog båten over hølsvart vatn der noko av natta hekk att. Så trygt med bestefar i bakstamnen med morgonpipa i neven. Garnstøet ved Siljeosen der gylne glimt i djupet lova fangst Det er borte nå - alt. Buglasa glimar mot lyset. Men ingen røyk stig frå pipa og syner at stølsgrenda lever. Vi vart siste generasjonen, vi som fekk oppleva ein stølsmorgon i f