Innlegg

Viser innlegg fra mars, 2017

Eg lengtar

Bilde
Finn Sandum les sitt eige dikt . Foto: Simen Bjørgen av Finn Sandum Forfattaren les Eg lengtar mot fjellet i haustklår glans. Eg dregst imot elvar i våryr dans. Eg trivst uti skogen når vårnatta vaknar. Når sommarsol søkk er det havet eg saknar. Eg dregst imot fjellet når storstormen bøljar. Eg trivst inni skogen når striregnet høljar. Eg lengtar mot alle kvar gong eg er sliten, for saman med dykk får eg lov vera liten. Kjelde: Finn Sandum

Høydalen

Bilde
Sigmund Bråtet les diktet . Foto: Kjell Nyøygard av Lars Runningen Eg veit om ein fjelldal som svaler og erler finn fram til kvar vår med sin kvitrande song, og at den er ei av vår Jotunheims perler, det sannar du nok om du kjem der eingong. Det fyrste ein heftar seg ved er kanhende eit vatn all dalen kan spegle seg i, med bekker lik sylvband frå vienvang-lende og lauvskog og fjellkjørr frå bergpall og li. Ein kan også lenge før høgsumarleite så ofte som vatnet ligg blekstilt eit bel, sjå grasgrøne slågå med bufe på beite som i ein fasett av ein veldig juvel. Kanhende ein robåt glid ut ifrå støa og stemmer til fjords ein vedunderleg dag og rundar ein pynt under stupbratte høa der lauvhenget skjelv for eit synnavind-drag. Og fær du ein dag, i frå Tverrbytt-tjønnose, sjå dalen som glimt av turkis og opal med' fjellkjørra blør over kvitkaur og mose da veit du, du finn ikkje vakrare dal. Kjelde: Dikt i utvalg, 1995, s. 127

Vandresang

Bilde
Janne Langaas les . Foto: Morten Kielland av Henrik Ibsen Vi vandrer med freidig mot,  vårt sinn er lett og rapp vår fot, i høyden oppad, -  på fjellet,  i dypet, ved fossevellet - la veien gå, hvor hen den vil,  vi vandrer frem med sang og spill. Her er vi i Guds natur! Som bekken vill i fjellets ur. så stevner vi frem på ferden  thi åpen oss ligger verden. Og derfor vi som fuglen glad,  vil juble høyt i sky vårt kvad. Vi er jo en lystig flokk,  av mål og sanger har vi nok. La storme det kun på fjorden,  la true med lyn og torden. Vi fukter strupen, går vår gang og hilser fjell og fjord med sang. Kjelde: Dikt, Bokklubbens lyrikkvenner, 1991, s. 139 kjhgfd

Å, kunde jeg som jeg vilde

Bilde
Endre Skjåk les. Foto: Merete Byrøygard av Theodor Caspari Å kunde jeg - som jeg vilde - lik lynget i fjell og li - forvandles i fargespillet, når livsdagen er forbi!    Forklares i lys og lue, i perler, i blod, i gull - og legge meg trygt til tue og drømme meg ned i muld! - Å blomster, var dødens gysen som eders så fin og lett, en flakkende fager lysen i bladenes tandre nett! -    Og var det de yre vinde der oppe i viddens sal som sang meg, når kveld var inne, den dempede dødskoral! - Ja, kunde så lyst jeg smile som løvskogen gul og varm, så villig den går til hvile ved fjellenes dypblå barm! -    Og fange de hvite fnokker så stille og uten nag til avskjedens aftenklokker som den en septemberdag! - Kjelde: Dikte i utvalg, Ernst G. Mortensens forlag, 1945, s. 92