Innlegg

Viser innlegg fra oktober, 2014

Visa på Dovrfjelle

Bilde
av Vegard Vigerust

Det va ei vise på Dovrfjelle,
ho ha så onde'leg pen ein ljod.
Men det var einast i seinhaustkvelle
når månin skein over Svånå-svelle
at de va von um å høyre ho.

"Um eg er frosen og isa,
syng eg nå denne visa.
Og lye' du berre lengje,
er det som sorgje sviv
på mjuke sjo'fuggel-vengje
over ditt arme liv."

Eg kom ein seinhaust åt Dovrfjelle
eg gjekk og vingla og va så mo,
og månin skein over Svånå-svelle,
eg låg og fraus på eit røslyng-stelle,
da fekk eg høyre så pen ein ljod ...

Vegard Vigerust
Kjelde: Evig unge Dovre, Dølaringen, 1993, s. 40

Menneskje, himmel og jord

Bilde
av Signe Seim

Når eg sit slik
og fjellet kryler seg saman
flatar seg ut,

når eg sit slik
jamhøg med vier og sprakje
og ser
utover storrmyrar
finn
det er skyer bortanfor vatnet,

kjenner eg
himmel og jord
kan møtast
ein stad inni meg.

Kjelde: Det måtte vera her, Boksmia forlag 2012, s. 40