Innlegg

Viser innlegg fra mai, 2011

Glimt frå lanseringa

Vi (dei 6 norddalsbiblioteka samt Oppland fylkesbibliotek) er veldig tilfredse med lanseringa av "Ord om fjell - ei digital fjellvandring". Vi hadde to arrangement - eit på Dovre og eit i Lom. Dyktige aktørar var med og kasta glans over opninga. Jon Eikemo, Bjørn Sigurd Glorviken, Even Luseter og Pål Svindland underheldt med både musikk og diktlesing. Nokre glimt:

Innover viddene

Bilde
Helga Rakstad Haugen les diktet . Foto: Morten Kielland av Jan-Magnus Bruheim Når dagsens kav og møde synet blindar, når augo trøytnar og kan lite sjå og gjenom hugen går dei myrke vindar som bleikjer blad og blom og knekkjer strå, ris fjellheimen med sine tindar lyfte mot himmelblå. Innover – innover, vide ligg viddene der vi kan gå. Ein stad er det vidsyn. Der kan du vandre innover viddene i ditt sinn, til synet fangar dei andre, som skjelv for den same vind. Kjelde:  Innover viddene , Noregs Boklag, 1968, s. 14