Innover viddene

Helga Rakstad Haugen les diktet. Foto: Morten Kielland
av Jan-Magnus Bruheim

Når dagsens kav og møde
synet blindar,
når augo trøytnar
og kan lite sjå
og gjenom hugen
går dei myrke vindar
som bleikjer blad og blom
og knekkjer strå,
ris fjellheimen
med sine tindar
lyfte mot himmelblå.


Innover - innover,
vide ligg viddene
der vi kan gå.

Ein stad er det vidsyn.
Der kan du vandre
innover viddene
i ditt sinn,
til synet
fangar dei andre,
som skjelv
for den same vind.


Kjelde: Innover viddene, Noregs boklag, 1968, s. 14

Kommentarer