Innlegg

Viser innlegg fra oktober, 2016

Inni Veslglupen

Bilde
Foto: Mette Josten Ragnhild Kolden les sitt eige dikt Eg veit ein stad inni ville fjellet der alt er forvitra til berg og stille og bekblått vatn Dit kom eg ein gong ein tidlaus regndag Midt i det myrke urtidsandletet alle steinskapte landskap ber stod eg og kjende kroppen krympe til inkjes mot det å vera den eldste av steinane der. Vart som eit vinddrag gjennom glupen - lett over lendet og så: forbi medan steinen og vatnet og stilla låg der dei ligg til evig tid. Der inne har lendet sett seklar gå i uforanderleg øyde og storslegen togn og visste det ikkje. Og eg, som veit, skal vera eit vinddrag og sidan døy. Kjelde: Ho inni meg, Dølaringen, 2001, s. 59

Trygt fylgje

Bilde
av Jan-Magnus Bruheim Synne Stensgård les  Foto: Morten Kielland Her oppe inni berg og urd straks ovanfor den tolla du ser, som rettar armar ut, der bur dei fæla trolla. Der har dei alltid halde til så lenge eg kan minnast, sjølv om det fleste ikkje trur at noko slikt kan finnast. Eg stabba tungt i snøen dit ein gong då eg var liten.  Og bratt det var og langt å gå,                                            men spør om eg var sliten! Mot himlen såg eg trolla stå straks over skogabrynet. Lell gjekk eg trygg og traska på og ansa ikkje synet. Du trur vel eg er modig? Nei, det er eg mest med munnen! Slik denne gongen og, men no skal du veta grunnen: For det som gjorde meg så trygg skal eg slett ikkje dylgje, det var den gode vissa, at eg hadde  far  til fylgje. Kjelde: Om alle tre var like..., Noregs Boklag, 1975, s. 7