Innlegg

Viser innlegg fra januar, 2019

Djupni og høgdi

Bilde
Foto: Morten Kielland av Olav Aukrust Even Lusæter les Stå på det ytste stup, stire n'i vanvit-sinnet, kjenne det sugande djup, ottast at draken skal vinne - kjenne den glyfsande eld frå eit gloande angest-glup, kjenne det dragande sòg frå eit sjodande vanvit-djup! Himálaja ris over hav, kløyvande skoddi og vinden. Og Golgatha ris over grav. Og varden ris over tinden. Og elsken nærer sitt liv under sorger so tunge som hav, og himmelhøg kjærleiken ris over vanvit og redsle og grav. Kjelde: Dikt i samling, Gyldendal, 1967, s. 121

Bukkerittet

Bilde
av Henrik Ibsen John Nyutstumo les . Foto: Merete Byrøygard. Utdrag av Peer Gynt (Omskrive for framføring. Heile utdraget ligg i fulltekst i diktsamlinga) ÅSE. Peer, du lyver!    PEER (uten å stanse) . Nei, jeg gjør ei!    ÅSE. Nå, så bann på det er sant!    PEER GYNT. Hvorfor banne?    ÅSE. Tvi; du tør ei! Alt i hop er tøv og tant! Nå, hvor traff du så den bukken?    PEER GYNT. Vest ved Gjendin. Hvasse vinden bar i fra; bak et oreholt forstukken han i skaresneen grov efter lav -    Pusten holdt jeg, sto og lyttet, hørte knirken av hans hov, så av ene hornet grenene. Derpå varsomt mellem stenene frem på buken jeg meg flyttet. Gjemt i røsen opp jeg glyttet; - slik en bukk, så blank og fet, skulle du vel aldri set! Det smalt! Bukken stupte bums i bakken. Men i samme stund han falt, satt jeg skrevs på bukkeryggen, grep ham i det venstre øre, ville nettopp kniven kjøre bakom skolten inn i nakken; - hei! da skrek han vilt, den styggen, sto med ett på all

Norsk kjærleikssong

Bilde
Even Lusæter les. Foto: Rita Mundal av Tor Jonsson Eg er grana, mørk og stur. Du er bjørka. Du er brur under fager himmel. Båe er vi norsk natur. Eg er molda, djup og svart. Du er såkorn, blankt og bjart. Du ber alle voner. Båe er vi det vi vart. Eg er berg og naken li. Du er tjørn med himmel i. Båe er vi landet . Evig, evig er du mi. Kjelde: Dikt i samling, Noregs boklag, 1967, s. 94

Storm på Dovre

Bilde
Foto: Merete Byrøygard Vegard Vigerust les sitt eige dikt I Dovre-storme va det ein ljod som minnet mitt gøymde frå langt attende. Da stemnde eg upp frå dal og mo på stigom inst i mitt båndoms lende: Dovre-stormen kring hø og horgje over gråe og småe sorgje, Dovre-stormen som syng og bura' over tindom som isen skura! Høyr, det susa' og pip i skardom! Hyss, det blistra' i kvasse vardom! Myrke læte og mjuke låte, Dovre-stormen med aill si gåte. Um eg fann att den eine ljod fyngje vonoms sjæle mi ro - Kjelde: Syng Dovre, 1982, s. 59