Innlegg

Viser innlegg fra november, 2018

Det er stilt

Bilde
Foto: Morten Kielland av Olav Øygard lese av Even Lusæter Det er stilt på sætervangen medan natti myrk sig på. Einsleg lyt eg kringum sviva, ingenstad er liv å sjå. Det er stilt i alle åsar, no dei søv båd' folk og fe. Berre eg må gå og driva, berre eg er utan fred. Det er stilt, og gjenom lidi lyder korkje song ell' ljom. Eg som tenkte du skuld' koma ung og glad som fyrr du kom. Det er stilt, men stjerneauga det er like blidt som då. Tru det skal ei helsing bera frå den ven eg ei kan nå? Kjelde: Utgjeve posthumt i  Vårsong. Dikt i utval , Skjåk kommune, 2010, s. 29

På draumegras

Bilde
Sigmund Bråtet les diktet. Foto: Merete Byrøygard av Tor Jonsson Eg ligg på draumegras i avferdsange frå alt ei frostnatt femnde mellom fjell. I siste skøyre seinhausttimen er det mange som helsar livet med eit stilt farvel. Du vilje som var med da isen slipa si strenge rune i det mørke land, du sveiper inn i sky den siste haustsolstripa og knuser gleda med ei knokut hand. Du frøyser blomeblod til småe stjerner,  du svarte lagnad, - slikt skal evig skje. Du strålar kulde inn i alle strå og kjerner og døyver verk i sår på gamle tre. Det lyser gulna lauv som glør i graset. Det doggast over livsens svik og svir. Mot himmelranda logar fjell i haustekstase. Det blånar frost og død frå det som blir - Eg ligg på draumegras og ser dei mørke dagar i sprang for livet mot ein mektig vår. Eg høyrer sevjesus ein stad og ser det svagar ei blomegrein der guden går og går - Kjelde: Dikt i samling, Noregs boklag, 1967, s. 104

Fossekallen

Bilde
Foto: Liv Å. Mathisen av Harald Sverdrup Lese av John Nyutstumo. Fossekallen er isbader. Står og vipper med kroppen. En tykkfallen gentleman i smoking tett ved en råk som mørkner i et v-tegn. Flyr under vann, klipper seg frem motstrøms på samme vis som en søster i eventyret, plukker med seg småfisk, krepsdyr, larver. Flyr gjennom fossen inn til bergfødte unger som ingen kan høre og ingen kan se. Kjelde. Grønn kalender, Aschehoug, 1974, s.28

Brigde

Bilde
Foto: Merete Byrøygard av Olav Aukrust Even Lusæter les Hugbòd som fyrr leika hauk over hauk i storstilla blaa og solblanke ned over tankane strauk, er ingen stad høyre hell sjaa. Stride som straalande kvæde dei kvad og lyste seg leid. No er det att berre burtblaasne blad ein haustdag paa villande heid.                        * Mjukar enn myrull som voggar i vind langt inn i fjell, er minni som sviv gjenom mannasind ein skybleik og blaasande kveld. Kjelde:  Himmelvarden , Alb. Cammermeyers Forlag, 1916, s. 195

Haustminne

Bilde
Finn Sandum les . Foto: Merete Byrøygard Det leikar i minne ei hending frå fjellet ein haustfarga dag Ein sundag eg trur det må vera med fjellbris i solvarme drag Gjennom vier og fjellbjørk eg vandra På solturre rabbar eg låg Ska tru om eg kanskje der sovna? Var det draum eller under eg såg? I bivrande haustsol eg ansa at buskene slepte sitt tak Fjellbjørk og sølvvier dansa i myrdogg der storelgen rak Med eitt der i haustfjellstilla eg høyrde ein symfoni med tonar frå eldgamle tider som ei bru ifrå tid til tid Tonane varleg anda i fjellbjørkdansen sin song I myrdoggdisen eg ana ei hulder som dansa ein gong Sikklet frå haustspake bekkar gjer fjellstilla meire sterk Som fjettra eg sit og undrast over meisterens skaparverk Eit susande søg gjennom lufta bryt i min hauststille fred I fargesprengd fullmogen røslyng slår ei vandrande trostflykt seg ned Eg veit kje kor lenge eg låg der, men låg nok til sola gjekk ned Ho sløkte dei haustvarme strålar og

Aftenvandring i skoven

Bilde
Foto: Liv Åshild Mathisen av Henrik Ibsen  Janne Langaas les Det er for lyst, det er for lyst hvor månen skinner ned,- Mitt hjerte blir så gjennemgyst av denne nattens fred; Fra hver en blomst, fra hvert et blad, står aftenduggens perlerad og dirrer for mitt blikk! - Det er for lyst, det er for lyst ved kildebredden her! - Se! Voven glider altfor tyst og stjernes billed er i våte dyp, så tykkes meg, en sorginnhyllet glemmegei, og øye kledt i gråt. Derinne, fjernest imot nord, hvor granen står så mørk, hvor huldren dypt i fjellet bor, (du kaller det måskje en ørk,) der eier jeg et yndlingssted, dit vil jeg rette mine fjed, der er min helligdom! Ser du hvor fjellets steile topp i skyer hylles inn; - et høstlig uvær trekker opp, alt blåser nattens vind! - - O, skjønt; - som av et åndepust jeg føler meg av storm ombrust å fare gjennem natt! - - - Avsted, avsted, dypt in i skov! O, lenger frem ennu, til sjelen ganske blir et rov for denne vill