Brigde

Even Lusæter les diktet. Foto: Helge Sunde
av Olav Aukrust

Hugbod som fyrr leika hauk over hauk
i storstilla blå
og solblanke ned over tankane strauk,
er ingen stad høyre hell sjå.

Stride som strålande kvæde dei kvad
og lyste seg leid.
No er det att berre burtblåsne blad
ein haustdag på villande heid.

                    *

Mjukar enn myrull som voggar i vind
langt inni fjell,
er minni som sviv gjennom mannasinn
ein skybleik og blåsande kveld.

Kjelde: Dikt i samling, Gyldendal, 1967, s. 104

Kommentarer