Innlegg

Viser innlegg fra april, 2017

Besseggen

Bilde
Foto: Liv Åshild Mathisen av Ragnvald Skrede Even Lusæter les Livet er som å gå Besseggen: Syner som blankaste barndomsdagar og kveldsfreden god etter fullførd vandring eller  avgrunns djup ventar deg etter som alt er laga ... Livet er som å gå mange Bessegger. For livet er ein draum, livet er ei rekkje draumar: Du kan ferdast i lavande paradislundar og vakne i gru på det ytste skjer; du kan segle i svartnande vitlausfart mot kimande, krasande undergangen og vakne i skogsus på Fredens øy  – gong på gong ... –  –  – Livet er blodig og sælt. Sigrar og tap og nye planar  – nye Bessegger, nye Bessegger. Alle dine voner kneggjar som hestar mot Jorsalferd kvar gong, kvar gong ... Det er livet å gå Besseggen. Kjelde:  Det du ikkje veit , H. Aschehoug & Co., 1949, s. 29

Vårvise

Bilde
Merete Byrøygard les diktet og har tatt biletet. av Olav Aukrust Det tinar i varme sø'hall, det brånar i bratte lier, - det hev ikkje skjett noko snøfall på lange, lange tider. - - Våren er eikorleis komen, ein vert både knipen og nåmen, - jordi hev ingi ro, heller ikkje mitt blod. Gager kvige og stut er slepte or fjøset ut, våte, skjelvande mular verar mot fjell og stular, - verar mot sol og jord, kjenner det veks og gror. Vår'n er i bork vaken - sevjevåt, spildrande naken glid no kvite stolken ut or sleipe holken, der ung-guten sit og lagar sylju-fløyta god i einslege villmark-hagar, og vekkjer so fagert eit ljod. Kjelde: Dikt i samling, Gyldendal, s. 501 Gager: engasjere

Kveldsbønn

Bilde
 Bjørn Sigurd Glorvigen les. Foto: Sina Byrøygard av Ragnar Solberg Kvelds-skye græt tonge gulldróp - dryp siste tåran på Svart-tind, og vind klågå eit æverop -, det stønna frå fredlause sinn. Og fredlaus er  eg , vildt forlatt i mi sjel -, slik ein far kann bli som einsleg bøygje seg mot natt der skrekken har djup-rote si. Men bøgd og pint tå tru og tvil med onde makte kjøtet bit fær hjærta mitt eit lykke-smil og sætt åt  Deg ein bånsleg lît. Skåpå meg, Gud, i tankjin din til ein solgnest i mårgåbrann som skin for bonom på Kvit-tind - da søv fredfull ein bønnhørd mann. Kjelde:  Dikt i utval Oslo : Aschehoug, 1968