Besseggen

Even Lusæter les. Foto: http://home.online.no
av Ragnvald Skrede

Livet er som å gå Besseggen:
Syner som blankaste barndomsdagar
og kveldsfreden god etter fullførd vandring
eller avgrunns djup
ventar deg etter som alt er laga...

Livet er som å gå mange Bessegger.
For livet er ein draum,
livet er ei rekkje draumar:
Du kan ferdast i lavande paradislundar
og vakne i gru på det ytste skjer;
du kan segle i svartnande vitlausfart
mot kimande, krasande undergangen
og vakne i skogsus på Fredens øy -
gong på gong...
- - -

Livet er blodig og sælt.
Sigrar og tap og nye planar -
nye Bessegger,
nye Bessegger.
Alle dine voner
kneggjar som hestar mot Jorsalferd
kvar gong, kvar gong...

Det er livet å gå Besseggen.

Kjelde: Vintersvale, Samlaget, 2002, s. 20

Kommentarer