Innlegg

Viser innlegg fra juli, 2017

Song om ei tjørn

Bilde
Lisbet Lid Venås les. Foto: Merete Byrøygard av Lisbet Lid Venås Sit du ein kveld nordmed Kvithammartjørn når røsslyngen brenn over rind og rust, og kjenner deg fri som den vindborne ørn ei skuggemjuk, blånande stund i august, logande soleglad gyller kring våte sva... - då kan du' kje gløyme det meir! Gøymd mellom kvitberg i sørbris linn ligg tjørna og smiler med auget blått. Ho sullar den einsame songen sin og skvalar mot steinan' med gråt og lått, sukkar så kald og djup under vågville stup. - Det sislar i storrgras ved land. Det stilnar i skardet når sola går ned, og tjørna vert løyndomsfull sval og svart. Myrmosen sovnar i seinsommarfred når dimma kjem stigande, lett og vart. Lyngkvisten lyser ung, spreier sin ange tung. Og nordom veks saftiggrøn blom. - - - Sit du her inne hjå tjørna ein kveld og kjenner du eig ein kosteleg skatt - Og leikar ein tone så vidt over fjell, som lokkar i hugen den lange natt når du lausriven må fara vegen her