Innlegg

Viser innlegg fra juli, 2019

Njupa

Bilde
Foto: Liv Åshild Mathisen av Olav Nygard Lese av John Nyutstumo I løynde kraa innimillom fjelle der er so trivlegt og reint eit stelle. Ein liten fjellbekk renn utfyr der, og smaabylgja yver steinen slær. Der veks ein klungerhekk stor og diger. Naar sevja uppetter klungen stiger, daa skyt dei grønaste blad og blom naar vaaren upp i den rifti kom. Og blomar ljosraude, andre bleike, sterk daam fraa sume, fraa andre veike. Dei staar ikring seg baad' dag og natt, men daamen misser dei nokso bratt. Ei stund paa sumaren, so dei stender- sin gode ange daa ut dei sender, men fagre blomsterkrans snart fell av, i svarte moldi han finn si grav. Og so kjem hausten med snjo og kulde, daa under snjoen dei heilt vert dulde. Men naar so snjoen om vaaren renn, Dei atter grøne og friske stend. Olav Nygards fyrste barndomsdikt i Norsk barneblad, 1900. Kjelde: Nynorsk lyrikk , Selja forlag, 2009, s. 179

Mere fjell

Bilde
Janne Langaas les. Foto: Morten Kielland av Rolf Jacobsen Av og til må noe vare lenge, ellers mister vi vel vettet snart, så fort som allting snurrer rundt med oss. Store trær er fint og riktig gamle hus er fint, men enda bedre - fjell. Som ikke flytter seg en tomme om hele verden enn forandres (og det må den snart), så står de der og står og står så du har noe å legge pannen inntil, og kjøle deg og holde i noe fast. Jeg trivs med fjell. De lager horisonter med store hugg i, som de var smidd av smeder. Tenk på: - Den gamle nupen her har stått som nå helt siden Haralds-tiden. Den sto her da de spikret en arming fast til korset. Som nå. Som nå. Med sildrebekker på og lyngkjerr og den store bratte pannen uten tanker i. Den sto her under Belsen og Hiroshima. Den står her nå som landemerke for din død, din uro, kanskje dine håp. Så du kan gå derbort og holde i noe hardt. Noe gammelt noe. Som stjernene. Og kjøle pannen din på den, og tenke tanken ut.

Nordved Sjong

Bilde
Foto: Rannveig B. Bakken av Tor Jonsson Even Lusæter les Nordved Sjong Eg går her og vinglar og vimar på strendom ein stad nordved Sjong. For minnet krev sine timar – og helst vil det ha ein song. Eg set meg varleg og ventar til tida går att og bak. Og kvelden kjem att og hentar eit gloande månevrak. Kveldsvinden hullar ein springar. Og kvelden gøymer ei natt. På vatnet gjer fisken ringar, dei kverv og kjem aldri att – Da klårnar det opp eit minne på strendom ein stad nordved Sjong: Ein kveld eg møtte ei kvinne for fyrste og siste gong. Og augo dei smilte: Tak meg. Men tanken kalla det svik: Brenn ikkje bruene bak deg. Slikt er for den som er rik. Men sumaren vart til ein domar: Syt 'kje for lekam og sjel. I bergom står tusen blomar og blømer seg beint i hel. –  – – Bårene bevrar kring osen, og månen sår sylv over sjo. Og dagen