Innlegg

Viser innlegg fra april, 2019

Lat meg då vandre

Bilde
John Nyutstumo les . Foto: Morten Kielland av Aslaug Vaa Stundene då eg drakk meg utyrst av livets kjelde, kjem att og att og lyser over mitt livs ulende som eit Himalaya. Dei fjerne tindar i snjoglansen ovanfor voksterlina er mine mål. Lat meg vandre som ein liten på jord, - eg må fomle og bie - og må finne dei små stigar, nesten usynlege til mitt Himalaya. Kjelde: Aslaug Vaas beste, Samlaget, 1993, s. 43

Vinteren har gløymt att

Bilde
Foto: Morten Kielland av Olav H. Hauge Janne Langaas les Vinteren har gløymt att kvite kyr i fjellet, der beiter dei i grøne hall. Men vårsoli og graset er for sterke, dei magrast for kvar dag. Kjelde: Dropar i austavind , Noregs Boklag, 1966, s. 33.

Heimhug

Bilde
Magnhild Bruheim les. Foto: Morten Kielland av Jan-Magnus Bruheim Flyttfugleflokkar søkjer til andre strender, til land under framande himlar til venlege kyster elvar og store skogar. Men vender når våren kallar - kjenner dragnaden i seg til reiret under eit takskjegg, inn i ei røys inne i skogane ute på myrane uppe på fjellet eller i dalane. Der løynde reir ligg tome og ventar. Alle har kvar sin stad som dei dregst mot og finn i kvitrande heimkomeglede. Kjelde: Dikt i utval, Noregs boklag, 1981, s. 205