Innlegg

Viser innlegg fra februar, 2014

Eit stort tre

Bilde
av Jan-Magnus Bruheim

Langt nordmed Liavatnet
står det så stort eit tre.
Ikkje ein mann i verda
kan makte å hogge det ned.

Om sju hundrad småborn
gjekk i ein ring,
dei greidde så vidt
å nå i kring.

Når brisen rører ved baret
blir det ein mektig sus.
Konglene raslar og ringlar,
store som hundehus.

På botnen av barnål-klufta
fuglane byggjer og bur.
Med ungane blir tretti tusen
- eller det talet du trur.

Eg stod der forundra og lydde
- det var visst i fjor ein gong -
og høyrde at alle fuglane kvitra,
det var som om treet song!

Greinene sopar himlen
når det er nordanvind
så skyene jagar som skræmde troll
mot Jotunheimane inn.

Det står der og fingrar med stjernor
når himlen er nattdjup og klår,
og fangar stjernskot i lause lufta
og festar dei i sitt hår.

Og det er det store treet -
så veldigt og tungt eit tre
at skuggen som eingong fall ned
knuste ein titonns lastebil
til ti tusen leiketybilar
og femti lass pinneved.

Kjelde: Hornsmeden og andre barnerim, J. W. Eides forlag, 1958, s. [5]