Innlegg

Viser innlegg fra mars, 2014

Morgonglede

Bilde
Magnhild Bruheim les. Foto: Morten Kielland av Jan-Magnus Bruheim Det er slik ein vakker morgon då heile verda syng! Eg vassar i fjellkjørr og eine og over mose og lyng. Brått flaksar ei rype or lynget. Som om ho har skadd ein veng, brukar ho berre den eine, medan den andre heng. Eg er ikkje lett å lure, eg veit at ho gjer seg til fordi eg er nære reiret - Og eg blir ståande still. Ilt er å sjå og høyre korleis ho klagar seg. Eg freistar å herme låten, og ungane flokkast kring meg! Du trur meg vel ikkje kan hende? Eg veit ikkje kva du gjer. Men fem kyllingar renn gjenom lynget og kjem meg så nær, så nær! Det er mest så eg græt av glede for dette som eg får sjå. Rypemor treng ikkje reddast for reiret med alle dei små. Kjelde: Morgonglede: barnedikt, J. W. Eides forlag, 1986, s. 5

Ovær i fjeillé

Bilde
Foto: Morten Kielland Rolf Sørumgård les sitt eige dikt De' æ et helsikes ovær ute, vind ule og sjogen driv inn gjennum ei otett glasrute. De' æ haust og oktober nå, -- i fjeillè, -- de' æ begynt å bli lange og myrke kveillè. N' Låghalt-Hans ha vore ette rupun i dag, -- døm strauk te fjells førre tosdan, -- hainn og 'n Syver i lag. I jår rusla 'n ne'att 'n Syver, -- me' rupsekken dørjande fuill, -- døm ha vore heldige serdu; ha fått tak ti mange kull. De' va' nå forresten ikkje berre rupo 'n bar me' se' ne' ei tyrt me' tifisk ha 'n og tikji me'. Tifiskan ha døm fanga me' hov i Vetlvassbekkjè, -- store va' døm og vog tongt i sekkjè. Min i kveill sit 'n Hans i bu'n åleine, 'n ha fyra i omne me' kjærringkjørr og eine, og i ljose frå ei sprukkje felomnsdør sit 'n og skjær kaku og kline på smør. Uttafor veggjom driv styggen sjøl på; sjodreve æ så tett at de'