Innlegg

Viser innlegg fra juni, 2019

Bera gullsky

Bilde
Synne Stensgård les. Foto: Per Bakken. av Jan-Magnus Bruheim Kvelden var så ljosleitt og berga så blå. Eg gjekk der fylt av glede for noko eg fekk sjå: Ei gullsky låg og sumde høgt over Karitind. Eg tok ho ned med augo og bar ho med meg inn. Eg stilte meg så varsamt og sa ikkje eit ord. Med gullskya i augo stod eg framfor ho mor. « Du strålar! »  sa ho undren og smilte varmt til meg. « Ser du? Det er ei gullsky, eg tok ho med til deg! »  Kjelde:  Om alle tre var like ... barnedikt , Noregs Boklag, 1975, s. 18

Fjellvinden

Bilde
Foto: Merete Byrøygard av Olav H. Hauge John Nyutstumo les Du var ein kald strid fjellvind. Til ein myrk vindskjerm reis upp der framme og splintra di kraft. Døden. No smyg du - ein broten vind langs lunka berg. Kjelde: Dropar i austavind , Noregs Boklag, 1966, s. 11

Enerbusken

Bilde
Foto: Liv Åshild Mathisen av Knut Hamsun Janne Langaas les Op i de bratte Fjælde der Enerbusken er kan ingen andre følge av alle Skogens Trær. Vel halvveis op i Høiden staar Furuen og fryser, litt længer op - og Bjørken av bare Snue nyser. Men jo saa kravler videre en kjæk liten Rusk og staar tilslut deroppe paa kanske snaut en Alen. Det er som kjører han et Tog av Skog ned i Dalen. Og Rusken er en Enerbusk og nu er han Kusk. I Dalen er det Kornmod og Løv og Sanktehans, og der er Sang og Barnelek og stundom er det Dans. Her oppe hos en Enerbusk her er det bare Urer, - naa stundom er her Trolle og som gaar omkring og lurer. Men Vinden tar en Enerbusk og rusker i hans Dusk og hele Verden ligger da saa blaasende og naken. Men al den friske Luft her er! Det findes ikke Maken. Og ingen ser saa vidt omkring som slik en Enerbusk. Det bæver over Fjældet et lite Sommernu, og straks igjen det evige Vinterhuttetu! I dette staar en Enerbusk med eviggrø

Byggje tårn

Bilde
Foto: Morten Kielland av Tor Jonsson Even Lusæter les Grava gråstein utor veitom. Bera lyftarstein opp mot høgste leitom- Lyfte draumen opp or einsemddjup. Bera draumen bort frå stygge stup. Vera ein. Bera stein. Stein er søkkt djupt i dy. Bera - Byggje høgt- Byggje tårn mot sky. Bera stein. Gjera draumen stor. Byggje tårn, bru frå jord- Byggje høgt over li og lein- Bera denne draumen- Bera stein. Kjelde: Dikt i samling , 1967, s. 174.