Byggje tårn

Even Lusæter les Foto: Helge Kaasin
av Tor Jonsson

Grava gråstein
utor veitom.
Bera lyftarstein
opp mot høgste leitom-

Lyfte draumen
opp or einsemddjup.
Bera draumen
bort frå stygge stup.

Vera ein.
Bera stein.

Stein er søkkt
djupt i dy.
Bera - Byggje høgt-
Byggje tårn mot sky.

Bera stein.
Gjera draumen stor.
Byggje tårn,
bru frå jord-

Byggje høgt
over li og lein-
Bera denne draumen-
Bera stein.



Kjelde: Dikt i samling, 1967, s. 174.

Kommentarer