Innlegg

Viser innlegg fra mars, 2012

Til fjells

Bilde
Finn Sandum les diktet. Bilde. Rita Mundal av Olav Øygard No når soli i dalarne verma ifrå tidleg um morgon til kvelds, då det best er å skreppa si leggja uppå ryggen og fara til fjells. Lat oss upp or dei solheite dalar, lat oss gå yver heider og nut. Der som fjellvinden panna di svalar, skal me sitja og kvila oss ut. Og når uppe på høgdi med stender, då me ser oss so vide ikring; for nedunder ligg dalar og grender og umkring oss stend fjelli i ring. All ting ter seg i strålande gidder ifrå fjellet til dalen so trong. Og dei aude og vidsveimde vidder, dei skal fyllast med ljom av vår song. Nei sjå alle dei lysande nutar, som for soli ei snøkåpe hiv. Det er sterke og støduge gutar, som ei ansar um stormarne driv. Her er vidder og grånande heider på kvar sida so langt du kan sjå. Og so fint og so skirt ho seg breider yver alt denne fjell-lufti blå. Når so stundom me trøyttest på foten, der me fram yver høgderne gjeng, i den fine og grånande mosen,