Innlegg

Viser innlegg fra februar, 2015

Nordpå sætrom

Bilde
av Tore Ørjasæter

So fer eg så glad og fri
til støls nordpå Mysubytta;
det var nok mi beste tid
eg livde i sæterhytta.
Sjå elvi går mysu-grå
og stup-bratt i fossar fell;
men himlen so blank og blå
seg kvelver um klåre fjell.

Og øvst uppi Svart-bytt-dal
der er det vel gras åt geitom;
og lufti er linn og sval
langt nordi sol-ljose leitom.
Tverr-eggi ho står so traust
med dag-glans på drivkvit tind.
Sjå soli ho renn i aust
med vaknande morgovind.

Det veks slike fine strå
i lidi ved Røykjeskålen.
Og forkunnmat er å få
for ku og for sau og folen.
Og oppunder Sekkje-fjell
der er det so høg ein stad,
og blenkjande bekkjer svell
og siklar på berge-svad.

Og einsleg på viddi vill
der lyser den tunglynde tjørni.
Mot himilen djup og still
der stig den hugstore ørni.
So vide som syn kann nå
um fjell er det væne votn
med himilen rein og blå
blenkjande skirt i botn.

Kjelde: Dikt i utval, Noregs boklag, 1970. s. 16

Heilo - mi heilo

Bilde
Signe Seim les sitt eige dikt

Står på ein stein og kviler
ved vatn i vierfjell,
vakkerfuglen som fløyter
einsam ein vårblå kveld.
- Kom no, kom no, kom no til meg!

Ligg på eit reir og drøymer
ved vatn i vierfjell,
ventar ungar som kravlar
kring ho ein sumarkveld.
- Kom no, kom no, kom no til meg!

Flyg frå ein frost som jagar
ved vatn i vierfjell,
landar på fjerne flyer,
lengtar mot vår ein kveld.
- Vent no, vent no, vent no på meg!
- Heilo, mi heilo, eg ventar på deg,
kjæraste du!

Kjelde: Det måtte vera her, Boksmia forlag, 2012, s. 35