Innlegg

Viser innlegg fra mars, 2016

Huldresong

Bilde
Foto: Merete Byrøygard, som også les diktet . av Jakob Sande Kvi går du so still og sturer i fjellet du vesle svein? Kvi sit du so bleik og kurer med hand under kinn, der på stein? Kvi går du med tankar såre for ho som i synd deg sveik? Ho er ikkje verd ei tåre, so stur ikkje lenger so bleik. Å høyr meg du mannsbarn unge, kvi går du med sorg i sinn? Lat fara dei tankar tunge, – kom over i haugen min! For her skal du sorgi gløyma ved barmen min, mjuk og varm, og ljost imot dagen drøyma, kvar natt i min trugne arm. Å høyr meg du mannsbarn bleike, hjå meg skal ditt hugsår gro. Eg skal kje med hjarta ditt leike, som ho som du tenkjer på no. Nei alltid skal eg vera hjå deg og kyssa ditt bleike kinn! Å gå ikkje burt ifrå meg, kom over i haugen min! Det rørest eit liv her inne, som aldri du drøymde før. Sjå møyar til tonar linne, i sylverflor dansen trør, og slåttar på trollstillte strengjer skal svæva i draum deg inn, og natti med mjuke vengjer, ska

Syng åt meg

Bilde
av Olav Kringen Høyr diktet. Foto: Morten Kielland Syng åt meg ei gåmeill vise, som har ljom frå høge fjell. Kanskje det kan gje meg lise, ner det lakka seint mot kveld. Vidt umkring eg for og flakka, utpå viddom vi`e; vegen ofte gjekk mot bakka, bekkjin au va stri`e. Obrøytt va det lange leite; ingen kjenning fekk eg sjå; inkje fann eg kjende reite, - altfor langt te heimatt nå. Inkje onder at eg stonda hit åt gamle stellom; kvar ein kveld eg låg og blonda høyrd eg ljom frå fjellom. Syng ein song eg aldri gløyme, syng um berg og sætervoll; syng um alt som gjentun drøyme, syng um hulder og um troll! Syng med heimsens eigne sange, - bringa brenn og lågå -, syng døm ut frå mork og vange, alle net´ og dågå.   Kjelde: Årbok for Dølaringen, Gudbrandsdal boklag, 1935, s. 46

Ved Djupetjønn

Bilde
Aud Hove les . Foto: Merete Byrøygard Aslaug Høydal Djupetjønn hadde dei sagt nedi bygdi. No sat eg her og stirde mot blanke botnen. Grøn stein, svarte skuggar. Soli var det som synte skuggane, dei grøne steinane høyrde til. Rundt dirra lufti mett av solskin. Den siste dirr før haustnettene. Djupetjønnane - no ligg dei med blank is botnfrosne. Eg stend att med voni om ein ny vår, ein ny dirr i lufti ved Djupetjønn. Kjelde: Alt som ventar, Ansgar, 1973, s. 19