Innlegg

Viser innlegg fra august, 2016

Djupni og høgdi

Bilde
av Olav Aukrust

Stå på det ytste stup,
stire n'i vanvit-sinnet,
kjenne det sugande djup,
ottast at draken skal vinne -
kjenne den glyfsande eld frå eit gloande angest-glup,
kjenne det dragande sòg frå eit sjodande vanvit-djup!

Himálaja ris over hav,
kløyvande skoddi og vinden.
Og Golgatha ris over grav.
Og varden ris over tinden.
Og elsken nærer sitt liv under sorger so tunge som hav,
og himmelhøg kjærleiken ris over vanvit og redsle og grav.

Kjelde: Dikt i samling, Gyldendal, 1967, s. 121

Steinen på stupet

Bilde
av Ragnvald Skrede

Boren av skridande bre,
lagd på ein tind,
endeleg løyst or lega
og send som i susande vind,
men stansa på nytt av meinslege makter -
slik ligg steinen på stupet.

Kviler i ladd ro
i tusenår,
duvar i drøymt framsviv,
dirrar i minnet om avlaus-tan.

Så bikkar, så losnar det
ein sundagsmorgon.
Fjellet kastar med nakken,
set i eit skingrande hanegal.
I ei stutt, men veldig stund
er draumane røynd:
Slik fart f i n s t!

Bleike står vi
og skjelv i krutrøyk:
Har du sett slikt flog over fonn?
Har du høyrt slik sukk
eller kjent slik fred?

- - -

Boren av skridande bre. . . .


Kjelde: Den kvite fuglen, Aschehoug, 1955, s. 22

Røsslyng

Bilde
av Lisbet Lid Venås

Røsslyng, når du breier
ut din solbrann over kinn,
gyller nakne vidd og fjellbrun snaue,
tusen stjerneroser blømer raude.
- Røsslyng, vil du vera blomen min?

Røsslyng, når eg traskar
trøytt i kalde skoddeskog,
møter meg eit syn som ler og lyser
fargerikt - og von og varme hyser.
Skaper mjuke tonar i min hug.

Røsslyng, du er fattig
fødd og armodsfarga, nei!
Ven, du er den rikaste eg kjenner.
Ingen har slik fjellfast tru som brenner
bjart i sol og regn på aude hei.

Røsslyng, om mitt stutte
liv fekk likjast litt på deg-!
Du som uredd trassar harde vindar.
Takksam, utan krav du kjærleg tvinnar
gledekrans kring einsleg vandrars veg.

Kjelde: Villgras, Fonna forlag, 1959, s. 18