Innlegg

Viser innlegg fra august, 2018

Frå kjelde til hav

Bilde
av Ragnvald Skrede
Grunnmalm 1966

Den kipne bekken strøymer ovmodsglad
og gløymer jord og kjelde, far og mor,
og ørskedansar over lange sva,
tek sysken opp i seg, blir fossestor.

Så får han skjegg av or og seljekratt,
blir elv med manndomstankar, blir til sjø
og speglar stjernene i haustklår natt
og sig i dvale under is og snø.

Men elva finn seg att og trår av stad
til større stjernespegling, større ro
i draumestilt djup med oseanisk fred.

Så samlar ho si tyngd, renn ut og ned
og glir alvorleg gjennom busett mo
og kviskrar lykkeleg sitt siste ja.

Kjelde: Nynorsk lyrikk, Selja forlag, 2009, s. 248