Innlegg

Viser innlegg fra januar, 2017

Krystallen

Bilde
Lisbet Lid Venås les sitt eige dikt . Foto: Merete Byrøygard av Lisbet Lid Venås Krystallen blenkjer i berget einstad for vind og for ville fuglar men sjeldan for menneskeauga. Og snaufjellet breier seg milevidt einsleta, magert, utan eit under. Stein er det nok av og ord er det nok av - haugar av ord gråe som berg. - men ein hende gong finn du krystallen gjennomskinleg ligg han i handa speglande av alt ljos - og  ein hende gong kjem deg til møtes det gode ord som veg tungt og søkk djupt og gjev deg ei varig glede klår som krystall. Kjelde: Bålet, Fonna Forlag, 1976, s. 11

Heimstaden

Bilde
av Olav Øygard Eg veit meg ein stad mellom nutar og fjell med stupbratte lid, der som fjellbekkjer fell. Sigrun Eide les diktet. Foto: Sigrun Eide Der ofte det bles frå den iskalde pol; men stundom der vermest av midsumarsol Ja fjellet det stig no so høgt og so hardt der fram for vårt auga i grått og i svart. Men innunder stend ho den skogklædde lid so lysande fager ved høgsumartid. I dalen der nede der ligg han vår gard og det er no arven frå far etter far. Um jordi er mager og skrinn til å sjå, ein likevel vokster av henne kan få.