Innlegg

Viser innlegg fra februar, 2019

Berget

Bilde
Foto: Morten Kielland av Olav H. Hauge Janne Langaas les Berget syner meg sine grimor, skuringsstripor og klomerke etter frost. Men mange dagar har det drukke sol og vorte stroke av linn vind. Kjelde:  Dropar i austavind , Noregs Boklag, 1966, s. 58

Veslemøy lengtar

Bilde
Merete Byrøygard les. Foto: Liv Åshild Mathisen av Arne Garborg Utdrag frå diktet Veslemøy lengtar Eg veit så vel kva ho tenkjer på,    ho mor, når der ved gruva ho mødd må stå,    ho mor. So tidt ho gløymer sitt træl og mas og stirer ut gjenom kjøkenglas,-    gjer ho mor. Ho gløymer stræv og ho gløymer stell,    ho mor, og stirer upp mot dei ville fjell,    ho mor. "Kor gjeng det Veslemøy, arme ting, som renne må alle berg i kring?" -    spỳrr ho mor. Å visste du, kor eg lengtar her,    du mor! Den brune heidi, den fekk eg kjær,    du mor! Her gjeng eg ør millom aude fjell og græt meg i svevn kvar einaste kveld,    å du mor! Og alt er framandt og nytt og vondt,    du mor! Det stirer kaldøygt ikring meg rundt,    du mor. Her er kje liv som eg fritt kan tru; og ingin einaste er som du, -    du mi mor! Å tru den tidi fekk rundt seg snutt,    du mor! Eg reknar time og kvart minutt,    du mor! Å kunde eg stige med sjumils-stig og sitj

Natt som stillast

Bilde
Foto: Rita Mundal av Olav Aukrust Even Lusæter les (utdrag av diktet) Soli fjella, glein og glatt, fjell står att og stengjer... Alt er tagna. Ned kjem natt på breide, svarte vengjer, då vaknar dulde strengjer. Og Sátan kjem med all sin her, og Himmelørn og Herrens vêr,    og angest-orm,    og eld og storm, og lògen stri'r som villast, og det er natt som stillast. Og dagen ris, og dagen rår sterk og styrer verdi. Og dagen kjem, og dagen går, det er den gamle gjerdi. Og mangeleis er ferdi. Det er so mang ei namnlaus stund, so mang ei sorg i hjartans grunn,    so mang ein dag    so mangt eit jág, men várt kjem alt, og villast, når det er natt som stillast. Kjelde: Dikt i samling, 1967, s. 53

Skal hilse fra fjellet

Bilde
Sigmund Bråtet les diktet .  Foto: Merete Byrøygard av Jon Østeng Hov Skal hilse fra fjellet jeg kommer med bud; det lyste så herlig der inne. På floene vogga myrduna brud, mens viddene lekte så linne. Det let i kvar busk, det var slikt et kor, og sang til mitt øre seg søkte. Og rypa, min elskede, møtte mitt spor, hvor sti langs med bekken seg krøkte. Det glitret i stryket, det blinket i vak, og gleden i brystet mitt bruste. Over aurete botn storfisken rak, mens fjellbrisen vasskorpa kruste. Værhardt sto fjellbjørka, vindvridd og låg, mens nevera trivelig smilte. Og under dens lauvheng med glede jeg såg, at villreinen stille seg kvilte. Skal hilse fra fjellet - det evige land, hvor moskus og jerven har bolig. Min lengsel dit inn er blitt som en brann. Kun der får jeg fred og blir rolig. Kjelde: Øyeblikk i naturen, Adressavisens forlag, 1990, s. 51