Natt som stillast

Foto: Rita Mundal
av Olav Aukrust
Even Lusæter les

(utdrag av diktet)

Soli fjella, glein og glatt,
fjell står att og stengjer...
Alt er tagna. Ned kjem natt
på breide, svarte vengjer,
då vaknar dulde strengjer.
Og Sátan kjem med all sin her,
og Himmelørn og Herrens vêr,
   og angest-orm,
   og eld og storm,
og lògen stri'r som villast,
og det er natt som stillast.

Og dagen ris, og dagen rår
sterk og styrer verdi.
Og dagen kjem, og dagen går,
det er den gamle gjerdi.
Og mangeleis er ferdi.
Det er so mang ei namnlaus stund,
so mang ei sorg i hjartans grunn,
   so mang ein dag
   so mangt eit jág,
men várt kjem alt, og villast,
når det er natt som stillast.

Kjelde: Dikt i samling, 1967, s. 53

Kommentarer