Innlegg

Viser innlegg fra august, 2017

Trollveggen

Bilde
Foto: Rannveig B. Bakken av Vegard Vigerust Vegard Vigerust les sitt eige dikt Eingong skal Trollveggen reise seg bratt og svart ikkje sjåande for andre enn deg Du veit du lyt vinne over han om du skal overleva Da slår du inn boltar til å klive på Over avgrunnen leitar du etter feste hamrar vilt på sorga si bringe høyrer i råkalde vakenetter eit steinhjarta slår Det er ikkje sant at boltane er sterke men du legg ei tru i dei som skal vega opp tyngsla i deg Såleis vil du lyfte deg fot for fot bort frå livet du er på veg attende til Eller du legg berre trass i stålspissen du borar inn for å traversere til ein ny avsats å koma seg opp frå Mot Trollveggen kjempar ein med alt Den som du helst teier med som reiser seg når alle vegger har rasa saman og som du ikkje veit kva er til I mørkret talar han til deg om Betlehemsstigen han ville vera Bergteken er du Men det er ikkje døgervill du løyser boltane og lèt dei single i djupet Smilen din er ikkje