Trollveggen

Foto: Rannveig B. Bakken
av Vegard Vigerust

Vegard Vigerust les sitt eige dikt

Eingong skal Trollveggen reise seg
bratt og svart
ikkje sjåande for andre enn deg
Du veit du lyt vinne over han
om du skal overleva

Da slår du inn boltar til å klive på
Over avgrunnen leitar du etter feste
hamrar vilt på sorga si bringe
høyrer i råkalde vakenetter
eit steinhjarta slår

Det er ikkje sant at boltane er sterke
men du legg ei tru i dei
som skal vega opp tyngsla i deg
Såleis vil du lyfte deg fot for fot
bort frå livet du er på veg attende til

Eller du legg berre trass
i stålspissen du borar inn
for å traversere
til ein ny avsats å koma seg opp frå
Mot Trollveggen kjempar ein med alt

Den som du helst teier med
som reiser seg når alle vegger har rasa saman
og som du ikkje veit kva er til
I mørkret talar han til deg
om Betlehemsstigen han ville vera

Bergteken er du
Men det er ikkje døgervill du løyser boltane
og lèt dei single i djupet
Smilen din er ikkje meiningslaus
for dei som skal klive etter deg

Berre den skal sigre over Trollveggen
som aldri når fram
som aldri vender attende
som rastlaus slår inn nye boltar
medan andre søv
som ikkje lyer til ropet under seg
at alt er fåfengt
som heng i enden av livslina si
og strir seg vidare
Einast han skal sigre


Kjelde: Istid, Gyldendal Norsk Forlag, 1972, s. 50

Kommentarer