Innlegg

Viser innlegg fra mai, 2018

Fjellet slår sprekker

Bilde
av Harald Sverdrup

"Faen til varme!" ropte fjellet og sprakk.
"Nei da," sa to svever og en blåklokke
og stakk hodet opp av sprekken.

"Faen til tørke!" ropte fjellet og revnet.
"Nei da," sang bekken og smøg seg
som ei jente mellom steiner i revna.

"Jeg er faen så grå," tenkte fjellet halvnøgd.
"Nei da," sa vinden og lysket i myra av rødmende
molter og strå som neide så mykt.
"Nei da" hvisket ti linnea på en stein.

"Her er faen så stilt," sa fjellet og smilte.
"Nei da," sa bekken og la seg på fossekanten,
trallet og klukket med løse håret nedi skummet.
"Nei da," ropte vinden og spyttet litt yr
gjennom dvergbjørk og krekling og vidje.

"Jaja," mumlet tindene og stakk nesa i sky
og brente seg nesten på sola!

Kjelde: Evig byggende Babel, Gyldendal, 1949, s. 49

Mogop

Bilde
av Lisbet Lid Venås

Med den saftige
kvitsymrevåren syngjande
i våre vestlandshjarte
møtte vi nordakulingen
isande om øyro
der breane låg
og klumheldt vinteren fast.
Leitande etter teikn
austanfor alle minne...
Og brått: Eit syn
vi aldri hadde venta:
Lysande, smilande
mellom turre tuster
tett ved bakken;
lodden og kyllingmjuk
knoppferdig frå året før,
kvitlilla kronblad
lyfte fram ei sol av blomstermjøl og honning...
Eit under opna seg
ved kanten av snøen -
Fjellvåren
gav oss handa for alltid
og tok brodden
av kvitsymresaknet.

Kjelde: Norges fylkesblomster, Inger Gjærevoll, Tapir forlag, 1999

Bu

Bilde
av Olav Aukrust

Vegen var gaadd.
Varden var naadd.
Der kjende eg sæl,
der skyna eg vel:
Mitt liv maa eg liva i kjærleik og tru.
No vil eg min vegen til bygdar att snu.
Eg vil byggje min fridom eit bu.

Ikkje hus eller hytte,
hall eller horg.
Ikkje attlæst kloster,
slott eller borg. –
Ikkje byliv med gatur og torg.

Men mot himlen ein blaanande
rein katedral,
med spir upp mot stjernur
i titusundtal,
og med tropp upp i fager spiral.

Ifraa hjartans grunn,
gjenom draum og mystik,
strøyme lovsongen rein,
rise lengsels gotik,
raade kjærleikens eigen logik.

Eit upplyst tempel:
eit kjærleiks-sinn,
der gjevande geislar
gaar ut og gaar inn
med den voni som vaagar og vinn.

Ikkje rikdoms traa
i fortærande jag,
men nøgd med Guds naade
som ny gjev kvar dag
eit straalande riddarslag.

Ikkje armodi myrk,
ikkje trældomsliv.
Men ein friviljug fatigdoms
fritt gjevne liv,
ja, eit aandelegt fjellbu-liv.

Kjelde: Himmelvarden, Alb. Cammermeyers Forlag, 1916, s. 351