Bu

Merete Byrøygard les diktet. Foto: Rita Mundal
av Olav Aukrust

Vegen var gaadd.
Varden var naadd.
Der kjende eg sæl,
der skyna eg vel:
Mitt liv maa eg liva i kjærleik og tru.
No vil eg min vegen til bygdar att snu.
Eg vil byggje min fridom eit bu.

Ikkje hus eller hytte,
hall eller horg.
Ikkje attlæst kloster,
slott eller borg. –
Ikkje byliv med gatur og torg.

Men mot himlen ein blaanande
rein katedral,
med spir upp mot stjernur
i titusundtal,
og med tropp upp i fager spiral.

Ifraa hjartans grunn,
gjenom draum og mystik,
strøyme lovsongen rein,
rise lengsels gotik,
raade kjærleikens eigen logik.

Eit upplyst tempel:
eit kjærleiks-sinn,
der gjevande geislar
gaar ut og gaar inn
med den voni som vaagar og vinn.

Ikkje rikdoms traa
i fortærande jag,
men nøgd med Guds naade
som ny gjev kvar dag
eit straalande riddarslag.

Ikkje armodi myrk,
ikkje trældomsliv.
Men ein friviljug fatigdoms
fritt gjevne liv,
ja, eit aandelegt fjellbu-liv.

Kjelde: Himmelvarden Alb. Cammermeyers Forlag, 1916, s. 351

Kommentarer