Innlegg

Viser innlegg fra juli, 2018

Mjuk som myrull

Bilde
av Vegard Vigerust Merete Byrøygard les . Foto: Merete Byrøygard Så mjuk som myrull er kjærlegheite, den som eg kjenne' for deg! Men du veit at myrull – Å, mjuke myrull, den blomsten er nogo for seg. Ho veks i avsides lende og gøyme' seg burt så sær. Og lell så skull' det da hende du kom og fekk sjå meg der! Nå er oss i hop for livet, bratt kan det vera å gå, men så mjuk som myrull er kjærlegheite, og mest når det røyne' litt på. Så kom da, du vænn eg fekk meg så går oss og finn ein tind, og kyss meg og elsk meg og vekk meg med myrull som stryk mot kinn. Kjelde:  Evig unge Dovre. Dikt, prosaskildring, lokalhistorie, Dovre-ord , Dølaringen Boklag, 1993, s. 42

Mjuk er myrulli

Bilde
Magnhild Bruheim les. Foto: Sigrun Eide av Jan-Magnus Bruheim Glad er fljugande ferdafuglen på heime-veg. Enda gladar er tanken min som finn til deg. Varm er stråla som soli sprænar mot aur og urd. Varmar enda er augnekaste frå unge brur. Mild er vindtonen der han tiskar i lauv og lyng. Enda mildar er voggesullen som mori syng. Mjuk er myrulli nordi morkom – ho står så stur, som stille, gråtande hjartesorgi til sviki brur. –  – – Mjuk er myrulli nordpå myrom, ho dubbar bljug –. Mjukar enn alt er kjærleikslengten i mannahug. Kjelde:  Stengd dør , H. Aschehoug & Co., 1941, s. 13